Nyhende

Dei siste nyheitssakene …

Parkering for medlemmar

I løpet av vinteren har Hapark satt opp skilting også ved flytebryggene til Hareid Småbåtlag på indre og ytre Hareid. Hapark og Hareid Småbåtlag har blitt enige om gratis parkerings for medlemmer av Hareid Småbåtlag langs sjøkanten.

Styret i Hareid Småbåtlag har blitt enige om at det skal utstedast parkeringskort for folk som er avhengig av bil og parkering ved havna. Vi ber derfor om at dei medlemmane som har behov for slike parkeringskort tar kontakt med Hareid Småbåtlag v/ formann Stein Erik Flø snarast.

For kontaktnummer vennligst sjå her på heimesida.

Vi gjer også oppmerksom på at årskortplassen P16 ved ytre havn er open for alle i tidsrommet mellom kl. 17-07 kvardagar og heile laurdag og søndag. For dei som er på sjøen laurdag og søndag vil det ikkje vere noko problem med å finne seg ein p-plass der. Dette vil også vere med på å gi betre kapasitet langs sjøkanten.

På vegne av Styret i Hareid Småbåtlag,
Stein Erik Flø