Skip to main content

Årsmøte 2019

Annonsert saksliste:

ÅRSMØTE i Hareid Småbåtlag og Interesseforeningen for Hareid Småbåtlag

Møtested :  Brandal Grendelag sine lokaler i Brandal

Dato: Fredag 5. april 2019 kl. 18:00

Saker:

  1. Godkjenning av innkalling.
  2. Valg av ordstyrar.
  3. Valg av to personar til å underskrive årsmøteprotokollen.
  4. Rekneskap for 2018.
  5. Styret si årsmelding for 2018
  6. Valg av styre.
  7. Fastsette årsavgifter for brygger, Fellesnaust, Opplagsplass og Gjestebrygger
  8. Fastsette pris pr. breiddemeter etter § 3, pkt. 1 og 2
  9. Informasjon-Påtenkt utskifting av Brygge-2
  10. Innmelde saker.

Eventuelle saker må sendast styret ved Stein-Erik Flø innen 29. mars.

Helsing

Styret i HSL

 

Årets kontingentkrav 2018

Då er årets kontingentkrav sendt ut til alle medlemar i småbåtlaget, og denne gongen har vi sett det naudsynt å legge på eit papirfakturagebyr på dei vi ikkje har e-postadresse til. Dette for å dekke porto/konvoluttar og meirabeidet med pakking av papirfaktura. Vil du unngå dette neste gong, - send ein e-post til småbåtlaget slik at vi får registrert e-postadressa di. 

Ny brygge 4 på gang

Då er jobben med å få på plass ny brygge 4 godt i gang. Fjerning av gammal brygge og opprydding er snart ferdig, og montering av ny bryggepir starta tirsdag 6. juni.