Skip to main content

Hareid Småbåtlag – skipa 21 april 1969

Eit svært gammalt ønske og krav var ein realitet; Begge moloane til Hareid hamn var ferdige og oppmudringa av hamna var i gang. Og den dåverande store fiskeflåten med HD fiskerimerke skulle endelig få gode hamneforhold. For å få dette realisert hadde nausteigarane både på ytre og indre Hareid gitt frå seg både rettar og eigd grunn. Men det salet vart gjennomført under den klare lovnad om ny naustplass og fortøyingsplass innom hamneområdet.

Og no vart det tid for ei organisering av småbåteigarane og nausteigarane for å sikre deira interesser i den ”nye” hamna. Einar Holm tok initiativet til ei slik organisering
Andreas Hareide og Einar Holm kalla så interesserte inn til skiping av Hareid Småbåtlag den 21/4-1969. 29 personar møtte opp, av dei er det i dag berre Kårstein Vadset og Einar Holm som lever, begge dei har vore aktive medlemmer i alle åra seinare.

På møtet den 21/4-1969 vart det samrøystes vedteke å skipe eit småbåteigarlag for Hareid, og kalle laget for Hareid Småbåtlag.
Til skipingsstyret vart desse valde: Einar Holm, Andreas Hareide, Ottar Teigene, Rolf Jakobsen og Sverre Nybø Bigset.
Einar Holm skulle kalle saman skipingsstyret som skulle ha som mynde å utarbeide planlegg til lover for laget og kalle inn til nytt medlemsmøte for å vedta lovene og velje styre.

Det vart så kalla inn til konstituerande møte i Hareid Småbåtlag den 12. mai 1969 på Solstrand Pensjonat. Laget sitt første styre vart der valgt:

  • Formann: Einar Holm
  • Tilsynsmann: Rolf Jakobsen
  • Styremedlemmer: Andreas Hareide, Hermod Mork og Knut Roger Brekke
  • Revisorar: Petter S. Rovde og Kårstein Vadset
  • Varamann: Karl Alvestad

På det første møtet vart det ellers gjort desse vedtaka:

  • Lover for Hareid Småbåtlag skulle utarbeides
  • Ta kontakt med Hareid Kommune og Statens Hamnevesen for å få a) Avrette passande naustplassar b) Kart og planar for småbåthamner og fellesnaust.
  • Få i stand bedre tilhøve inne på hamna i Hareid for fortøyning av småbåter
  • Å få Hareid Kommune til å setje opp ei kran på ein lagleg plass.
  • Å få laga ei vogn til transport av småbåtar.
  • Å få i stand ein slipp for opptrekk og utsetting av småbåtar.

Medlemmane sin kontingent til laget var dei første åra kr 10,- pr år.

Viktige saker for laget:

  1. I 1970 vart det vedteke å setje opp eit fellesnaust på Indre Hareid. Naustet fekk 28 plasser i 1. etg og 27 plasser i 2. etg. I 1971 stod fellesnaustet ferdig.
  2. Hareid Småbåtlag mudra området mellom Tampen-buda og indre molo. Statens Hamnevesen utførde arbeidet og Småbåtlaget betalte.
  3. Det vart satt opp kran på Indre kai.
  4. Ein starta arbeidet med å legge ut flytebrygger.
  5. I 1972 ble første bryggene lagt ut.

I 2009 har laget 216 medlemmer og 202 bryggeplasser Laget har også utlagde gjestebrygger og eige klubblokale på Ytre Hareid.

Hareid Småbåtlag har gjennom alle desse åra lagd ned eit stort arbeid. Båt og båtliv har vorte og vore ein viktig trivselsfaktor for oss som bor ute med kysten, og Småbåtlaget har gjort eit stort arbeid for tilrettelegging, slik at sjøen kan nyttast både til fiske og fritid. Det må framleis arbeidast aktivt med vedlikehold og tilrettelegging. Større båtar har kome til og det har stilt nye krav. Men Hareid Småbåtlag har heile vegen fulgt med utviklinga, arbeidet må ikkje stanse opp. Kommune Hamnevesen og Stat må heile tida verte minte på våre rettar og våre behov.

Til det nye styret: Lukke til med arbeidet vidare, og tak med vår historie vidare. Det vil trygge våre vilkår innan hamneområdet, både på land og på sjø, i framtida.

I 2001 kjøpte småbåtlaget drosjesentralen og flytta den til småbåthamna på ytre Hareid, der vart den opprusta til eit svært tenelig klubblokale.

I 2009 vart det lagt ut nye brygger til ”store” båtar i ytre hamn og nye gjestebrygger i sentrum av hamna. Mange medlemar (båteigarar og nausteigarar) har i alle åra sidan 1969 gjort eit stort arbeid med fornying og vedlikehald av brygger fellesnaust, klubbhus osv.

Både brygger og naust er mykje nytta heile året, så det er stadig nye utfordringar som må løysast. Men laget har vore heldige som har hatt engasjerte leiarar og mange medlemmer som har gjort ein stor innsats.

Hareid Småbåtlag har i dag 212 bryggeplassar, 54 naustplassar, klubbhus og mange gjestebrygger. Laget sine investeringar og aktivitet har heile vegen vore finansiert gjennom eigenkapital og eigeninnsats. Det har vore viktig for Hareid Småbåtlag å ha ein viss kontinuitet i leiinga, personar som hugsar avtalar og kan ”bistå” i forhandlingar. I denne samanheng må Kårstein Vadset spesielt nemnast, han har vore med i lagets styrande organ, som styremedlem, revisor, rådgjevar og gjennom mange år kasserar, heilt i frå starten i 1969.

Einar Holm stod for skipinga av laget i 1969, var lagets første formann og hadde leiinga dei første åra med utlegging av brygger, bygging av naust, mudring, avtalar osv.

Hareid 19.04.2010 Einar Holm