Skip to main content

Fellesnaust Indre Hareid

Allereie på årsmøtet den 13. mars 1970 tok formannen i Småbåtlaget, Einar Holm, opp tanken om bygging av naust til dei som hadde måtta gitt frå seg sine gamle naust slik at hamneutbygginga kunne realiserast, og til andre som var intresert i naustplass. Det vart vedteke å arbeide for naustplassar på indre hamn. Ove Liaset fekk i oppdrag å teikne eit fellesnaust på indre.

Styret syntest at planen var god og det vart søkt om godkjenning hos bygningsrådet og hamnedirektøren. Allereide 18. mars 1970 låg det føre godkjenning frå hamnedirektøren.
Det vart også søkt til Bensinfondet om stønad til naust og mudring av området mellom indre molo og Tampenbuda. Småbåtlaget fikk tilskot frå Bensinfondet. Oppmudra masse vart nytta til fyllmasse der nauste skulle stå.

1.juli 1970 vedtok Hareid kommunestyre Småbåtlaget sine planer og grunnavtaler. Hareid kommune stod såleis ved lovnadane om at dei ”gamle” nausteigarane skulle få tildelt nytt tomteareal. Småbåtlaget tok kostnaden med mudring og oppfylling av den nye ”nausttomta”. 26. mars 1971 vedtok så årsmøtet i Hareid Småbåtlag at fellesnaustet skulle byggast med 55 båtplasser. 31 medlemmer hadde då forplikta seg til å vere med. Byggearbeidet vart oppstarta våren 1971.

I 1971 vart det også søkt Hareid kommune om å få setje opp naust på ytre Hareid. Det vart det ikkje gitt løyve til. Natta til 11. juli 1971 skjedde det eit alvorleg uhell då det halvferdige fellesnaustet bles ned. Hendinga var som ei katastrofe for laget, men mykje dugnad frå medlemane og 80% dekning frå Naturskadefondet gav nytt pågangsmot og fellesnaustet vart ein realitet.

Den samla kostnaden for nausteigarane vart kr 2700,- pr båtplass i 1. høgda, og kr 2200,- i andre høgda. Same året vart det også bygd eit båtopptrekk ved fellesnaustet.

Hareid 19.04.2010 Einar Holm

  • Opprettet .