Reglar for bruk av opplagsplass

  1. Arealet kan berre nyttast av medlemmer av laget, og som ikkje har skuld i laget.
  2. Det skal vere medlemmet sin båt som vert lagra,- (det er ikkje høve til framleige).
  3. Dersom det blir brukt straum i samband med lagringa, skal det etablerast ein minusmålar som gjer at straumforbruket kan fakturerast.
  4. Båteigaren skal i avtaleperioden halde arealet ryddig, og avlevere det ryddig og reint når perioden er over.
  5. HSL vil, dersom laget finn dette nødvendig, gjennomføre rydding og fjerning av avfall frå arealet for båteigaren sin rekning.
  6. Ansvarleg for fellesnaustet skal anvise plass for lagring, samt godkjenne tilfredsstillande rydding.
  7. Avtalen forutset at HSL har ein tilfredstillande leigeavtale med kommunen. Denne avtalen kan derfor seiast opp av HSL dersom avtalen med kommunen fell bort.

Avgift for Båteigar:

  1. Båteigaren betaler opptrekksavgift og kan nytte arealet i inntil 3 mnd. vederlagsfritt.
  2. Perioden kan, etter avtale med HSL, forlengast med inntil 3 mnd., avgifta er då pt. kr. 300,- pr. månad (kr 10,- pr dag).
  3. Etter avtale med HSL kan perioden vidare forlengast med inntil nye 3 mnd. med ei avgift på pt. kr. 500,- pr. månad (kr 16,50 pr dag).
  4. I enkelte tilfelle kan perioden utover 9 mnd. forlengast, men då etter skriftlig søknad til styret i HSL. Månadsleiga aukar med kr 200,- i månaden for kvart kvartal utover 9 månader.

Dersom båteigaren bryt avtalen, t.d. avgift ikkje vert betalt til rett tid, mangelfull rydding m.v., kan HSL skriftleg seie opp avtalen og krevje at båteigaren ryddar og forlet området innan 14 dagar. I motsett fall har HSL rett til å fjerne det som er igjen på området og krevje dekning av båteigaren for kostnaden som blir påført laget.

Opp-og utsetting, transport og all annan ferdsel på laget sitt område, samt opplag av båtar, skjer på båteigar sitt eige ansvar. HSL tek ikkje på seg noko ansvar ved bruk av utstyr som høyrer laget til.

Hareid 14.desember 2016 - oppdatert av årsmøtet 15. mars 2018.