Skip to main content

Vedtekter for Hareid Småbåtlag

Desse lovene er vedtekne på årsmøte den 31. mars 1977. Dei er reviderte og vedtekne på årsmøte 9. mars 1999. Ny revisjon er vedteken på årsmøte den 26.05.2016.

§ 1
Namn og formål

Laget sitt namn skal vere Hareid Småbåtlag. Det har til føremål å samle båtinteresserte og ivareta deira interesser og hevdvunne rettar på sjø og land på beste måte, og å arbeide for gode småbåtplassar, opplagsplassar og naustplassar i Hareid kommune. Vidare å arbeide for å fremje båtmiljø og sjøliv som trivselsfaktor i lokalsamfunnet. Laget er upolitisk.

§ 2
Medlemskap

Kvar den som bur i Hareid kommune og omegn kan bli oppteken som medlem av Hareid Småbåtlag. Styret kan, dersom det føreligg særskilt grunn for det, godkjenne medlemskap for personar som er busette utanfor Hareid kommune. Inn- og utmelding i laget skal vere skriftleg.
Kontingent og avgifter skal betalast på forskot. Medlem som skuldar kontingent og avgifter for meir enn eitt år, har ikkje stemmerett eller andre rettar, og kan av styret strykast som medlem i laget. Strykast eit medlem, kan det ikkje takast opp som medlem igjen før alt er betalt.

Tap av medlemskap medfører automatisk tap av rett til båt- eller naustplass. Nettoverdien av tildelt plass skal utbetalast frå laget etter at laget har motrekna for sitt krav.

Medlemar som viser manglande vilje til eigeninnsats (dugnad) på laget sine anlegg, tiltak som er vedtekne av styret eller årsmøtet, ved si framferd vekkjer forarging som er til skade for laget eller ikkje rettar seg etter vedtekter eller reglement, kan etter vedtak i styret ekskluderast. Vedtaket om eksklusjon må vedtakast med 2/3 fleirtal for å vere gyldig. Vedtaket skal grunngjevast, og medlemen skal ha skriftleg melding. Samtidig skal det opplysast om at vedtaket kan klagast inn til årsmøtet. Slik klage skal handsamast på førstkomande årsmøte.

§3
Innskot – Kontingent – Avgifter

Det skal betalast ein årleg medlemskontingent som blir fastsett av årsmøtet.

  1. Den som får tildelt båtplass på pirar der laget er eigar berre av piren med tilhøyrande straumuttak og liknande, skal betale ein eingongssum som blir fastsett av årsmøtet, pr. breiddemeter. Utriggarar på slike plassar er eigde av medlemane.
  2. Den som får tildelt båtplass på pirar der laget er eigar av komplett båtplass skal betale ein eingongssum, som blir fastsett av årsmøtet, pr. breiddemeter.
  3. Den som får tildelt naustplass skal betale ein eingongssum, som blir fastsett av årsmøtet, alt ettersom det er i første eller andre etasje.

Årsmøtet skal fastsetje ei årsavgift til dekning av driftskostnader og vedlikehald som er knytt opp mot storleiken på båtplassen eller plasseringa av naustplassen.

Straum skal betalast etter målt forbruk pr. båtplass. Ekstra straumforbruk i naust eller opplagsplass skal betalast etter skjøn.

Årsmøtet skal også fastsetje takstar for gjestebryggje, slipping og lagring av båtar.

§ 4
Styringsorgan

Laget sitt øvste styringsorgan er årsmøtet.
Laget si drift blir leia av eit styre med: leiar, sekretær, kasserar og styremedlemar, på 4 til 15 medlemar. Leiar skal veljast av årsmøtet for eitt år i gongen. Dei andre i styret går ut vekselvis etter å ha fungert i to år. Den som går ut av styret, kan nekte attval for like mange år som vedkommande har fungert. Like etter årsmøtet konstituerer styret seg og vel mellom styremedlemane: nestleiar, kasserar og sekretær.
Årsmøtet skal velje ein bryggjeformann , og ein varaformann for kvar flytebryggje , gjestebryggje, fellesnaust og slipp som er organisert under Hareid Småbåtlag.
Årsmøtet skal også velje revisor og valnemnd for eitt år i gongen.

§ 5
Styret sitt virkeområde og oppgåver

Styret har den daglege leiinga av laget, og er ansvarleg overfor årsmøtet for at drifta av laget vert forsvarleg teken vare på. Styret har ansvaret for laget sin økonomi, og skal i den samanheng sjå til at laget sine eignelutar er forsvarleg forsikra og forvalta på ein sikker måte.

  • Styret skal sørgje for ei forsvarleg reknskapsføring over laget si samla verksemd.
  • Styret skal handsame inn- og utmeldingar i laget, og stå for tildeling av båt- og naustplassar.
  • Styret har ansvaret for at laget sine anlegg er i forsvarleg stand og at reglar for anlegga blir følgde.
  • Styret skal utarbeide årsmelding for siste driftsår og gi oversikt over investeringar og vedlikehald som bør utførast i komande år.
  • Styret skal til ein kvar tid ivareta medlemane sine interesser på beste måte, og prøve å løyse dei oppgåvene det vert pålagde av årsmøtet. Spesielt skal styret organisere så mange underlag for fellesnaust, flytebryggje og gjestebryggje som det til kvar tid er behov for. All inn- og utbetaling skal gå over bankkonto.
  • Alle rekningar skal kvitterast av formannen på den flytebryggje, gjestebryggje eller fellesnaust som vedkomande er ansvarleg for, og utbetalast over bank ved kasseraren.
  • Ein av medlemane av laget skal føre medlemskartotek og til ei kvar tid halde dette à jour.
  • Kasseraren skal krevje inn medlemsavgifter av medlemane til Hareid Småbåtlag.
  • Formann og eit styremedlem forpliktar i fellesskap med sine underskrifter laget overfor tredjemann. Styret kan, ved særskilt vedtak, gi fullmaktsprokura til fungerande formann og kasserar.

§ 6
Rett til båt- eller naustplass – tildelingsreglar

Båt- eller naustplass ved laget sine anlegg kan tildelast medlemar i laget etter skriftleg søknad.
Styret skal føre ei prioritert liste over medlemar som søkjer om plass, og den einskilde medlem skal ha rett til å gjere seg kjend med denne. Søkjaren sin ansiennitet for tildeling reknast frå den tid vedkomande melde seg som søkjer på båt- eller naustplass.
Styret fordeler dei ledige plassane etter den einskilde søkjar sin ansiennitet. Styret kan fråvike ansiennitetsprinsippet eller avvise søknader, dersom styret finn at dei ledige plassane ikkje kan disponerast til formålet det er søkt om av omsyn til t.d. båten si breidde, djupne, tilkomst, bryggjebelastning eller liknande.
Ved lik ansiennitet for tildeling av plass, er det den av søkjarane som har lengst medlemskap i laget som har første rett.

§ 7

Den som vil seie opp båt- eller naustplassen sin, må gi skriftleg melding til styret. Båt- eller naustplass kan ikkje overdragast til andre enn Hareid Småbåtlag eller til ein person som styret har godkjent. Unnateke er overføring til livsarving eller nær slekt, som då må takast opp som ny medlem med rettar og plikter.

  1. Verdien av båtplass som er i sameige med laget, skal prisast til gjeldande breidde- meterpris som er fastsett av siste årsmøte, etter framlegg frå styret. I tillegg skal verdien av utriggarar o.l. som medlemen eig, vurderast for seg.
  2. Verdien av komplett båtplass skal prisast til gjeldande breiddemeterpris som er fastsett av siste årsmøte, etter framlegg frå styret. Det kan gjerast frådrag for ekstraordinært vedlikehald på grunn av skader på båtplassen.
  3. Verdien av ein naustplass skal verdsetjast etter som den er i første eller andre etasje og korleis den er innreidd.

Eigar som ikkje nyttar båtplassen sin, har høve til å leige han ut. Prisen for framleige kan avtalast med utleigaren innanfor rimelege grenser. Leigaren må og vere medlem i laget.
Båtplass som ikkje har vorte brukt, verken av eigar eller leigar, i løpet av dei siste to åra, kan laget krevje innløyst eller utleigd til personar som står på venteliste.

§ 8
Årsmøtet

Årsmøtet skal haldast kvart år innan utgangen av mars. Det skal kallast inn med minst 14 dagars varsel og kunngjerast i lokalpressa. Ekstra medlemsmøte kan styret kalle inn til når det finn det turvande og elles når minst 1/3 av medlemane krev det. Røysterett på medlemsmøta har alle som har betalt kontingent for det året. Endring av Hareid Småbåtlag sine lover kan berre vedtakast på vanleg årsmøte og krev 2/3 fleirtal av dei frammøtte medlemane. Framlegg til lovendring/regelendring må kunngjerast i saklista til årsmøtet. Nye lover tek til å gjelde straks dei er vedtekne.

§ 9
Medlemsansvar

Medlemane i Hareid Småbåtlag heftar berre for sine innskot og kontingentar overfor laget sine forpliktingar og kreditorar.

§ 10
Nedlegging / oppløysing av laget

Oppløysing av laget kan vedtakast om 2/3 av medlemane stemmer for det. I tilfelle oppløysing av laget, skal same møtet gjere vedtak om kva laget sine aktiva skal nyttast til.